Norsk språk ikon English Language icon
Søk / Search -

Disney's Aladdin (1994)

Disney's Aladdin - ingressbilde

comments icon Kommentarer user reviews icon Brukeromtaler (0) user submitted screenshots icon Bilder fra brukere (10)
Report an Error icon Rapportér Feil/Mangler New user review icon Legg til din omtale add new screenshots icon Nytt skjermskudd

Utmerkelser / Awards

Norsk omtale ikoniconiconWiki iconAge icon

Del dette / Share this

Share this on Facebook Share this on Delicious Share this on Delicious Share this on Reddit Gi Kudos til denne omtalen!

Omtale

Skrevet: Saturday 05.Dec-2009 21:53 (Sist endret: 06.Dec-2009 00:59)

author avatar icon

Av/By Oldtree

Dei aller fleste kjenner til historia om Aladdin og lampa. Anten gjennom å ha lese samlinga «Tusen og ei natt» eller helst ved å ha sett Disney filmen «Aladdin.» Året etter at filmen vart sleppt kom spelet som me gjer tilgjengeleg i dag. Det krevjast difor ikkje all verden til introduksjon over noko folk kjenner så godt til for spelet fylgjer filmen ganske så godt. Det er derimot ikkje å seie at folki som har laga spelet tvingar seg til å fylgje filmen scene for scene.

Nei, spelet fylgjer handlinga i filmen, men baserer seg sterkt på konfliktane og andre moment i filmen som passar bra å leggja til eit spel. Lange scener som omhandlar prinsesse Jasmin og faren hennar er ikkje å sjå i filmen, men den korte fengselscena er derimot utbrodert til eit heilt brett der Aladdin nærmast må kjempa seg ut gjennom eksploderande skjelett og flygande frustrerande flaggermus. Vel å nemna her så, i likskap med andre ting i spelet, har dei tatt sine fridomar til å leggja til element som ikkje er å finna att i filmen, men dei passar så bra inn i stemninga at du ikkje tenkar over eller bryr deg om det.

Vidare så er det henta ut mange fleire detaljar som du kjennar att frå filmen. Alt frå dei rosa flamingoane i palasset til tjuven som hadde funne skarabeane som opnar grotten til lampen. Den same artistiske stilen saman med musikken frå filmen er nytta så fullkommen at det nesten kjennast ut som du spelar sjølve filmen, frå start til slutt. Det vil seie, dersom du kjem deg gjennom spelet.

Det er ikkje å nekta for at spelet i seg sjølv er vanskeleg. Dette helst på grunn av ein tregleik som er lagt til i rørslene til hovudpersonen. Det er nemlig slik at når du fyrst trykkje på piltastane og skal flytta på Aladdin startar han veldig tregt, for så å komma opp i full fart eit sekund seinare. Dette byr på problem når du skal gjennomføra eit langt hopp og har berre ei lita kort plattform å stå på. Ein kan derimot unngå akkurat dette problemet med å springa litt rundt i ring, dvs fram og tilbake, sidan dette vil senda Aladdin opp i full fart. Den andre siden med tregleiken er at du alltid vil skli litt når du skal stansa, noko du vil merka godt til når du prøvar ut bonusbretta til apekatten Abu.

Men så fort du kjem over denne barrieren og lærar deg å flyta med rørslene til Aladdin vil du merka at kontrollene faktisk er ganske presise. Dersom du vil landa på kanten av ein plattform, akkurat så vidt utanfor rekkjevidda til ein fiende, så er det godt mogleg så lenge du tek høgd for avgrensingane til spelet. Det er heller ikkje ofte ein følar at ein «dett gjennom» når ein landar på kanten av eit golv, men det kan hende. Som oftast så er dette fordi ein rett og slett feilbedømte og ikkje kom langt nok i hoppet.

Handlinga i spelet fylgje som sagt handlinga i filmen. Grovt sett så startar det i Agrabah på flukt frå vaktene før du vert kasta i fengselet. Deretter går det over til å kjempa seg fram til den magiske lampa før du virrar rundt i åndi si magiske verd. Når det er over er det å ta seg inn i sjølve palasset for å nedkjempa den onde Jaffar. Dette tvilar eg på kjem til å skje på fyrste forsøk, men med å fortsetja å prøva vil det nok gå til slutt og du kan nyta spelet i si fulle prakt.

Kommentarer


Vår bedømmelse: 6

Grafikk: 6 | Lyd: 6 | Gameplay: 5 | Historie: 5 | Vanskelighetsgrad: 5 | Lærekurve: 3 | Totalt: 6

Brukerne mener: 5.50

(2 stemmer/votes)

Antall Ord: 605 - Antall besøk: 2775 - Nedlastet: 38

Lignende titler

Download Disney's Aladdin (3.18 MB)
Hvis du liker det vi gjør, støtt oss! - If you like what we do, support us!

Lisens / License

Creative Commons License
The DOS Spirit reviews by The DOS Spirit staff is licensed under a Creative Commons 3.0 Norway License.

Vår bedømmelse
6
(Detaljer)
Brukerne mener
5.50
(2 stemmer/votes)

Stem på Disney's Aladdin:


screenshot illustration icon

Skjermskudd

Screenshots © 2010 The DOS Spirit. All rights reserved

Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 0
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 1
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 2
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 3
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 4
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 5
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 6
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 7
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 8
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 9
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 10
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 11
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 12
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 13
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 14
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 15
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 16
Skjermskudd fra Disney's Aladdin # 17