King's Quest II: Romancing the Throne

King's Quest II: Romancing the Throne

Game cover for King's Quest II: Romancing the Throne
Developer(s)
Publisher(s)
Release year
1985
Releases
N/A
Age rating
7 and above
Game mode(s)
No modes defined
License
Abandonware

I King’s Quest II: Romancing the Throne er helten vår frå det fyrste spelet vorten kongen i rike Daventry, men som alle andre kongar treng han ei dronning. Etter å ha leitt høgt og lågt utan hell finn han ut at han kan ta ein titt i den magiske spegelen han fann før han vart konge. Spegelen svarar raskt og visar han eit stort kvartstårn i ein fjern dimensjon, og for å komma dit må han reise gjennom ein magisk dør i landet Kolyma.

Published: 23.12 2007 by Oldtree

Screenshots
Game screenshot of King's Quest II: Romancing the Throne
Skjermbilde fra King's Quest II: Romancing the Throne
Game screenshot of King's Quest II: Romancing the Throne
Skjermbilde fra King's Quest II: Romancing the Throne
Game screenshot of King's Quest II: Romancing the Throne
Skjermbilde fra King's Quest II: Romancing the Throne
Game screenshot of King's Quest II: Romancing the Throne
Skjermbilde fra King's Quest II: Romancing the Throne
Game screenshot of King's Quest II: Romancing the Throne
Skjermbilde fra King's Quest II: Romancing the Throne
Game screenshot of King's Quest II: Romancing the Throne
Skjermbilde fra King's Quest II: Romancing the Throne
Game screenshot of King's Quest II: Romancing the Throne
Skjermbilde fra King's Quest II: Romancing the Throne
Game screenshot of King's Quest II: Romancing the Throne
Skjermbilde fra King's Quest II: Romancing the Throne
Game screenshot of King's Quest II: Romancing the Throne
Skjermbilde fra King's Quest II: Romancing the Throne

Historia om Kong Graham fortsette i King’s Quest II: Romancing the Throne. No er helten vår frå det fyrste spelet vorten kongen i rike Daventry, men som alle andre kongar treng han ei dronning. Etter å ha leitt høgt og lågt utan hell finn han ut at han kan ta ein titt i den magiske spegelen han fann før han vart konge. Spegelen svarar raskt og visar han eit stort kvartstårn i ein fjern dimensjon, og for å komma dit må han reise gjennom ein magisk dør i landet Kolyma. Deretter byte spegelen til å visa ei fortryllande dame innestengd i tårnet. Augeblikkleg veit Kong Graham kva han må gjera. Han bytar ut si nyvunne krone med sin gamle eventyrarhatt og set av garde for å redda den stakkarslege møy i naud.

Spelet startar derifrå med at helten vår står på ei framand strand. Dette er landet Kolyma, og frå her er du nøydt til å vegleia Kong Graham gjennom landet sine farar og vidare til den fjerne dimensjonen. Der vil du forhåpentlegvis kunne nå fram til ditt mål, og kongen vil få si dronning. Som i fyrst instans av King’s Quest serien har du fått eit klart mål, men inga vegpinnar om korleis du skal kunne komme fram dit. Men med litt medfødt nysgjerrigheit og halvgløymd kunnskap om eventyr, folk og fe skal det ikkje vere så alt for vanskeleg.

Visuelt liknar spelet frykteleg mykje på Quest for the Crown, men det er ikkje så rart, med tanke på at det er nett den same pixelgrafikken. Men i Romancing the Throne er det lagt større vekt på detaljar, og landskapa du vil utforske vil ha ein mykje betre flyt over seg. Graham sjølv har derimot ikkje endra på seg i det heile tatt, og du kjennar han kjapt att frå det fyrste spelet. Særskild frå hans karakteristisk Robin Hood hatt.

Lydmessig manglar spelet musikk som mange sikkert er vandt med. Med unnatak av kjenningsmelodien Greensleaves som spelar i starten og diverse andre trudeluttar som vert avspelt når fæle folk dukkar opp eller spesielle ting vil skje. Eigentleg er ikkje dette dumt, sidan ein vedvarande melodi av den kaliberen som dei var avgrensa til ville kjapt ha tvungen deg til å skru han langt ned, om ikkje heilt av. Difor vil det heller vere betre å få dei karakteristiske melodiane, som du kjapt vil læra deg utanav, avspelt i tide og utide.

Spelemessig vil dei som har spelt King’s Quest: Quest for the Throne lett kunne kjenna seg att. Du styrar karakteren din med pilane og er nøydt til å skriva inn kva du skal gjera. Ein stil som passar meg ypparleg, men som uheldigvis kan verka litt vanskeleg for dei som er vane med pek og klikk typen spel. Heldigvis har toaren her lært av einaren og det vil vere litt lettare å spele Romancing the Throne. Dette kjem av at spelet vil akseptera fleire ulike versjonar av den same kommandoen, og funksjonen ”sjå” (look) har vorten endra slik at du berre kan skriva ”sjå” og du vil få ein skildring av det som er rundt deg og ganske ofte viktige ting som du lett kunne ha oversett. Men uansett vil det alikavel dukka opp mange frustrerande augneblikk der du vil vere heilt blåst om kva du skal skriva inn for at spelet vil forstå det. Men dette er jo ein god del av sjarmen ved å spela desse gamle klassikarane?

Til slutt tenkte eg at eg kunne nemna nokre tips for dei som skulle likt å prøva ut dette spelet. Det fyrste er at du bør lagre ofte. Sierra er vondskapsfull med utallige feller og leggje dei kvar enn dei følar for det. I tillegg bør du nytta fleire lagringskuffer sidan det er faktisk muleg å gå fram slik at du ikkje emnar å hamna i mål. Då vil det vere svært uheldig om du skulle gjera noko dumt og deretter lagre over din førre og einaste lagringsplass. Vidare kan eg nemna at eg likar best å operere i hastigheita ”rask”, og dette endrar du til ved å berre skrive ”rask” (fast). Og om du skulle vere så uheldig å hamna i noko vatn er det berre å skriva ”symja” (swim) så gjere han det. Og dersom du treng menyen er det berre å trykkja på F1.

Eg tykkjer no dette er eit spel som dei aller fleste bør prøva ut. Ein ekte klassikar og flott eventyr frå dei gamle DOS dagar. Så ta difor å last han ned og fyr opp DOSBox i romjula.

Oldtree's avatar
By Oldtree - 23.12.2007

Score summary
Graphics
3
Mediocre
Sound
3
Mediocre
Gameplay
3
Mediocre
Story
3
Mediocre
Difficulty
3
Requires some effort
Learning curve
3
Requires some effort

Overall: 3

There is currently no gameplay video for this game. But, you can help add one! Login to get started.

Contribute to King's Quest II: Romancing the Throne

Help build the ultimate source for old games by adding new content for this game page.

Login to contribute. No account? Create one today!

Contributors gain additional site functionalities like access to extra content and much more!

Files
Please login to contribute and access extra content. No account? Create one today!